Utstilling
Kunst laga av elevar ved Langeland skule og Litlabø skule
Eining for kultur og fagkontor plan fekk i august
midlar frå Kulturtanken (Ekstern lenke)
til gjennomføring av eit prosjekt som skulle ha fokus på barn og unge si medverknad i kommunale planprosessar.
Målet med prosjektet var å finna gode metodikkar for korleis kommunen kan skapa engasjement og inkludera barn og unge i planarbeid. Me har hatt fokus på at barn og unge skal få høve til å komma med innspel gjennom ulike kunstuttrykk, og erfaringane og resultata vart presentert for politikarar, administrasjon med fleire, i dag fredag 10. februar.
Barna laga innspel med desse tre tema som innfalsvinkel:
- der eg bur, korleis vil me ha det?
- det eg likar å gjere - kva ynskjer du å fylle tida med?
- dette tek me var på - kva vil me ha med oss inn i framtida?
Del