General Help
Read more about Stord kommune
Kvifor delta i prosessen med kommuneplanen sin arealdel?
Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument for korleis me vil at kommunen skal vera, korleis innbyggjarane skal ha det i kommunen og korleis me skal skape den kommunen me ynskjer oss. Kommuneplanen består av to delar: ein samfunnsdel og ein arealdel. Stord kommunestyre vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel for Stord kommune 2022-2043 i møte 21. juni 2022, samfunnsdelen kan lesast her (Ekstern lenke)
No skal me utarbeida ny arealdel. Det er kommuneplanen sin arealdel som fastsett arealbruken med juridisk bindande verknad. Arealdelen skal leggast til grunn for reguleringsplanlegging og handsaming av byggesaker. Arealdelen skal visa kva me kan byggje kor i kommunen og kva areal som ikkje skal byggjast ut.
For at planen skal bli god treng me å få fram ulike meiningar og ønskjer. Alle har rett til å uttale seg i saker som gjeld kommunal planlegging, og me vil gjerne ha dine innspel.
Share