General Help
Read more about Stord kommune
Kva skjer med innspela mine
Alle innspel vil bli vurdert og inngå i grunnlaget for kommuneplanen sin arealdel. Generelle innspel vil bli samla i eit innspelsdokument som blir journalført i plansaka. Konkrete arealinnspel i kart blir journalført med eige saksnummer.
Me gjer merksam på at kommunen ikkje har plikt til å informera forslagsstillarane om korleis deira innspel vert behandla undervegs i planprosessen. Me vil oppmoda om å lese planframlegget når det kjem på høyring, og komme med uttale om planen ikkje er i tråd med det ein ønskjer. Førstegongs høyring er planlagt våren 2024.
Share