Medverknad våren 2023. Tema: Uterom
Våren 2023 vart det gjennomført ein medverknadsprosess i arbeidet med ny arealdel. Prosessen vart utført i samsvar med føringane i plan- og bygningslova, planprogrammet, kultur- og verdiplakaten, og grunnleggande prinsipp for brukarmedverknad i Stord kommune.
Det er utarbeida rapport som inneheld ei oppsummering og vurdering av innspela som er komme om uterom..
Dette skal innspela om uterom brukast til:
- Rullering av kommuneplanen sin arealdel: Inkluderande fellesskap er eit av satsingsområda frå samfunnsdelen. Tiltak for å nå målet er blant anna å etablere leikeareal, møteplassar og felles uterom som fremjar inkludering og sosiale fellesskap. I arealstrategien er det slått fast at det skal leggjast vekt på å skape møteplassar og uteareal som kan nyttast for alle aldersgrupper, og at det skal utviklast kvalitetskrav i samband med opparbeiding av felles uteopphaldsareal. På denne bakgrunn skal det utarbeidast eit regelverk / norm som skal gjelda for leikeareal, utomhusareal og møteplassar
- Prosjekt: Attraktive uterom med lokal identitet. Stord har i ny kommuneplan mål om at kommunen sine senter skal fremje berekraft, attraktivitet og inkludering. I prosjektet ønskjer me å få på plass ei norm for utforming av felles uterom og ferdselssoner i sentrumsområda. Norma skal gi offentlege og private utbyggarar føringar for utforming og design, innhald, og val av materiale og planter i opparbeiding av uterom og ferdselssoner. I tillegg til formelle krav skal norma byggje på kunnskap om lokal identitet og særpreg, miljø- og klimavennlege løysingar, og innbyggjarane sine ønskjer og behov. Inkludering, mangfald og tilgjenge for alle skal vektleggjast.
0 kommentarer
Account Message