Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Dette er Stord kommune sine sider for medverknad i planarbeid. - Link til kommunen si heimeside

Medverknad våren 2023. Tema: Uterom

Avatar: Rannveig Gramstad
Rannveig Gramstad

Våren 2023 vart det gjennomført ein medverknadsprosess i arbeidet med ny arealdel. Prosessen vart utført i samsvar med føringane i plan- og bygningslova, planprogrammet, kultur- og verdiplakaten, og grunnleggande prinsipp for brukarmedverknad i Stord kommune.  

Det er utarbeida rapport som inneheld ei oppsummering og vurdering av innspela som er komme om uterom..

Dette skal innspela om uterom brukast til:

  • Rullering av kommuneplanen sin arealdel: Inkluderande fellesskap er eit av satsingsområda frå samfunnsdelen. Tiltak for å nå målet er blant anna å etablere leikeareal, møteplassar og felles uterom som fremjar inkludering og sosiale fellesskap. I arealstrategien er det slått fast at det skal leggjast vekt på å skape møteplassar og uteareal som kan nyttast for alle aldersgrupper, og at det skal utviklast kvalitetskrav i samband med opparbeiding av felles uteopphaldsareal. På denne bakgrunn skal det utarbeidast eit regelverk / norm som skal gjelda for leikeareal, utomhusareal og møteplassar
  • Prosjekt: Attraktive uterom med lokal identitet. Stord har i ny kommuneplan mål om at kommunen sine senter skal fremje berekraft, attraktivitet og inkludering. I prosjektet ønskjer me å få på plass ei norm for utforming av felles uterom og ferdselssoner i sentrumsområda. Norma skal gi offentlege og private utbyggarar føringar for utforming og design, innhald, og val av materiale og planter i opparbeiding av uterom og ferdselssoner. I tillegg til formelle krav skal norma byggje på kunnskap om lokal identitet og særpreg, miljø- og klimavennlege løysingar, og innbyggjarane sine ønskjer og behov. Inkludering, mangfald og tilgjenge for alle skal vektleggjast. 

Report inappropriate content

Is this content inappropriate?

Reason:

Loading comments ...

Log in with your account or sign up to add your comment.

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share