Om planen
Kommuneplanen består av to delar: ein samfunnsdel med mål og strategiar som fortel i kva for retning me vil at samfunnet skal utvikla seg, og ein arealdel som viser kva me kan byggje kor i kommunen og kva areal som ikkje skal byggjast ut. Årsbudsjettet og økonomiplanen utgjer handlingsplan som fastset korleis kommuneplanen skal følgjast opp.
Kommuneplanen sin samfunnsdel
Stord kommunestyre vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel for Stord kommune 2022-2043 i møte 21. juni 2022, lenke til saksprotokoll
Samfunnsdelen peikar på tre satsingsområde for komande planperiode:
- Sterkt regionsenter for Sunnhordland handlar om at Stord skal vere pådrivar for regional samhandling og utvikling i Sunnhordland
- Grøn by handlar om å vere ein føregangskommune i det grøne skiftet og nå målet om å vere eit attraktivt nullutsleppssamfunn i 2030
- Inkluderande fellesskap handlar om korleis me kan leggje til rette lokalsamfunna våre slik at me som innbyggjarar trivest og lever gode og trygge liv
Felles for desse satsingsområda er at arealplanlegging og arealforvaltning er viktige verkemiddel for å nå måla i samfunnsdelen.
Kommuneplanen sin arealdel
Arealdelen viser kva som kan byggjast kor i kommunen, og kva areal som ikkje skal byggjast ut. Det er kommuneplanen sin arealdel som fastsett arealbruken med juridisk bindande verknad. Arealdelen skal leggast til grunn for reguleringsplanlegging og handsaming av byggesaker.
Del