Uterom
Official debate
Korleis etablere leikeareal, møteplassar og felles uterom som fremjar inkludering og sosiale fellesskap?
Dette meinte deltakarane på folkemøte:
Lokalisering:
- Tilknytt turvegar, turmål. Døme: Dagsturhyttene, gapahukar.
- Varierte stadar, tilpassa ulike grupper/interesser
- Gå avstand frå bustad
- Godt synleg frå ferdselsvegar, lett å «droppe innom» når ein kjem forbi. T.d. på veg frå butikken.
- Solrikt, spesielt kveldssol. I le for vind
- I tilknyting til andre funksjonar (idrettsanlegg, helsestasjon osv.)
- Samlokalisert med organisert aktivitet
- Ved kulturminne
- I vakre omgjevnader (fin natur, utsikt, ro)
Utforming:
- Sitjeplassar under tak
- Tilgang til toalett. Jamleg renovasjon.
- Unngå unødig inngrep i natur rundt møteplassen og tilkomstveg. Ta vare på naturlege omgjevnader
- God tilgjenge der det er mogleg. God merking
- Innandørs møteplassar bør ha store vindauge – god kontakt med det som er utanfor
- Sitteplassar – benker og bord. Grillplassar.
- Wifi. Straumuttak for lading.
Aktivitetar:
- Open dør for alle
- Noko som skjer, aktivitet, ikkje berre sitjeplassar.
- Lågterskelaktivitetar, ulike interesser (strikkekafé)
- Gjerne fleire aktivitetar samtidig, møtes på tvers av interesser
- Uformell uorganisert aktivitet saman med organisert aktivitet
- Utandørs møteplassar kan gjerne legge til rette for aktivitet – leik ,trening, petanque, klatring osv.
- Kafé tilrettelagt for barnefamiliar, eldre. Ikkje alkoholservering. Sitjeplassar inne og ute.
- Kulturløype
Dette meinte deltakarane i arbeidmøte for aldersvennleg lokalsamfunn:
- Dekke – skal det vera asfalt/steinlagt/grus? Det må tenkast framkommelighet, identiteten til Leirvik, gjennomførbarhet, estetisk/fint, gjenbruk av materiale
- Planter – ikkje for mykje bjørk eller plen pga allergi, frukttrær er positivt, kristtorn som er vår identitet, planter som greier seg sjølv mest mogeleg, asaltre (som i Osen), låg barlind, blomsterkassar som kan flyttast, viktig at det er lettstelt, for kven skal stelle det?
- Aktivitetar (aldersvenlege), ikkje berre benkar og blomar, trengs og aktivitetar, trimsykkel (eks. som kan lage straum til å lade mobil), gynger (som lagar musikk/klokkespel), dekning – wifi, ladestasjon, vannstasjon, sjakk og andre spel, hjernetrim, kultur- og/eller historiske innslag.
Kva meiner du? Legg til din kommentar nedst på sida
Liked by…
Share