Turveg frå Hustrudalen til Rutle og fortau til Dyvik/Dåfjordkrysset
Frå motocrossbanen i Hustrudalen går det ein skogsveg til toppen av åsen der ein ser ned til Rutle. Denne skulle vore forlenga (og oppgradert) slik at ein når heilt ned til Firjarvegen. Om det hadde vore fortau tilbake til Dyvik kan det bli ein attraktiv turveg å gå rundt Utslettefjellet. Med fortau til Dåfjorden kan dette og bli ein tilkomstveg for mjuke trafikantar frå Dåfjorden til aktivitetstilbodet på Nysæter Ungdomsskule, kultur- og idrettspark.
Del