Matjord,produktivt landbruksareal og biologisk mangfald.
Kommuneplanen må sikre all matjord og produktivt jordbruksareal for framtidig matproduksjon. Alle arealinngrep/ ulike utbyggingar må ha sikring av det biologiske mangfaldet som fundament. Jfr. bl.a rundskrivet til kommunane frå regjeringa hauseten 2022. Det må stillast krav til utbyggar om å tilrettelegge bustadutbyggingar tilpassa topografien, og forbod om å asafaltere mesteparten av tomtearealet. Grøntstrukturen må takast vare på både på den private delen av tomta og på fellesdelen.
Del