Me vil leggja til rette for at innbyggjarar skal kunne gje innspel både skriftleg og munnleg. Tidleg involvering av innbyggjarar og relevante aktørar er viktig for forankring av planen og for at planen skal samsvare med innbyggjarane sine behov. Det vert halde folkemøte, opne kontordagar og andre møtepunkt for å sikra best mogeleg medverknad og kjennskap til planarbeidet.I tillegg vil det verta invitert til møte med eigarar av kulturminne. Nettsida kulturminnesok.no er ein database der dei som ynskjer kan registrere kulturminne, og på den måten hjelpe til med planarbeidet.Prosjektgruppa vil ta i bruk sosiale media, slik som Facebook, for å nå ei breidd av innbyggjarane. Ein vil og søkje å få nytta tradisjonelle mediekanalar, slik som dei lokale avisene, for å setje fokus på kulturminnearbeidet.
Del