Kommunedelplan for kulturmiljø
kulturminne
Den nye, reviderte kommunedelplanen for kulturmiljø skal erstatte kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø og plan for bygningsvern frå 2009.
Ein kommunedelplan for kulturmiljø gjev kommunen større kunnskap og innsikt, og skal fungere som eit verkty og ressurs for undervisning, formidling, folkehelse, vern, arealplanlegging, forvaltning og næringsutvikling. Hovudføremålet med planarbeidet er å gje kommunen eit godt, oppdatert styringsdokument. Planen skal gje føreseielege rammer for forvaltning av lokale kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap samt bygningsvern. Revisjon av kommunedelplanen skal bidra til systematisk oppdatering, oppfølging og formidling av kulturminna.